Ringeriksbanen utsett – igjen – NRK Norge – Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet



[ad_1]

– Det er ikkje mogeleg å fastslå dato for ferdigstilling no, men 2029 er ikke mogeleg, slår prosjektdirektør Morten Klokkersveen i Banenor fast overfor NRK.

Fryktar det går frå vondt til verre

Dette provoserer Arne Nævra, SVs medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

– Eg er ganske sjokkert over dette. Det er jo eit signal om at vi kan sale oss noko endå verre, nemleg at Ringeriksbanen ikkje får eit spatak på fleire år, seier han til NRK.

Endå ein gong blir planane for det som no heiter Fellesprosjektet Ringeriksbanen E16, FRE16, endra. Heile prosjektet med firefelts motorveg og dobbeltspora jernbane mellom Sandvika i Bærum og Hønefoss på Ringerike blir skyvd ut i tid.

Les også: Forsinka på ubestemt tid

Den nye jernbantraseen skal korte reisetida Oslo – Bergen med ein time. Minst like viktig er det at banen blir ein of av InterCity-nettet på det sentrale Austlandet.

Varslar investeringsvedtak neste vår

Denne veka varsla regjeringa at i det mai neste år kjem eit endeleg vedtak om investering i Ringeriksbanen, kostnadsrekna til over 33 milliardar kroner. Likevel kjem ikkje arbeidet i gang så tidleg som prosjektplanen la opp til.

Og det er ikkje første gang Ringeriksbanen blir skyvd ut i tid:

  • 1992: “Hestehandel” mellom SV og Arbeiderpartiet enda med at Ap fekk Lærdalstunnelen, men SV aldri fekk Ringeriksbanen.
  • Desember 2019: Planen er opning av banen i 2028.
  • Mars 2020: Reguleringsplane in endeleg godkjent, men sein politisk behandling utset opning til 2029.
  • Mai 2020: Revidert nasjonalbudsjett varslar investeringsvedtaket først i 2021, banen blir ikkje ferdig før i 2030.

Årsaka til utsetjinga denne gongen ligg mellom anna i at regjeringa vil redusera løyvingane til planlegging med nesten 300 millionar kroner.

Slik såg plann for Ringeriksbanen ut ved årsskiftet:

Ringeriksbanen under planlegging - stadige forsinkelser pga politiske utsettelser.

Slik såg planen for Ringeriksbanen ut for ei veke sidan:

Ringeriksbanen - tidslinje mai'20

Slik ser tidslinja for Ringeriksbanen ut i dag, men prosjektdirektøren seier banen ikkje står ferdig før i 2030

Nå må BaneNor endra til at ferdigstilling av prosjektet blir 2030 – eller seinare.

Les også: Store forventningar til Hareide

Arne Nævra seier han gruar segtil neste melding frå statsråden.

– Eg fryktar å høyre endå ei ny melding til om eit halvt år eller i statsbudsjettet om at vi no utset heile greia.

Kanskje oppstart i 2022

Regjeringa varslar eit endeleg investeringsvedtak for prosjektet først om eitt år, men det er heller ingen garanti for når oppstarten skjer eller korleis framdrifta blir.

– Investeringsvedtak i mai 2021 kan opna for anleggsstart hausten 2022, seier Klokkersveen, useful legal menu:

– Det føreset også at Stortinget løyver pengar til dette i statsbudsjettet for 2022. Ferdigstilling vil avhenge av investeringsprofilen i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2022-33 som skal vedtas før sommaren 2021, og dei årlege statsbudsjet.

“Ingen veg tilbake …”

Statssekretær i samferdselsdepartementet, John-Ragnar Aarset, seier til NRK at det ikkje er nokon grunn til å frykta at banen og vegen ikkje blir bygd.

– Eg er i alle fall ikkje i tvil, dette blir realisert!

– I will not see brukt så store ressurasar og så mykje tid på å planleggja og oppdatera dette prosjektet, så no er det ingen veg tilbake. Det kjenner eg meg trygg på, seier Aarset.

[ad_2]